Sætervikabasaren med ny innsamlingsrekord!

Det måtte ekstra stolar til for å få plass til alle som kom på Sætervikabasaren 18.september.

Med fullt hus og mykje godt program vart det sett ny rekord; det vart samla inn vel 105 000 kroner!

 

Bergfrid hadde andakt om å finne rom for stillhet og kvile i kvardagen og KorMix frå Åsane bidrog med flott song. Kjøkkenet stilte opp med lekre kaker og bakst til kaffien. Dei vel 170 oppmøtte kunne kose seg med prat, åresalg, bonglodd, lotteri og tippekonkurransar. For dei yngre var det blant anna eige barnelotteri og tombola.

 

Sætervika vil takke komiteen for fantastisk innsats med å lage basar, få tak i gevinstar og alt arbeidet dei har hatt med arrangementet.

 

Basardagen vart ein riktig flott dag på leirplassen vår. Hjarteleg takk til alle som kom og til alle som har kjøpt lodd for å støtte Sætervika!

  • Publisert
Til toppen