Sommarfest og åpning av ny veg

Sundag 18.juni var det offisiell opning av den nye vegen vår. Åpninga fant stad under den årlege sommarfesten. Det var fullt hus og god stemning heile dagen.

Gabriele Zdanciute klipper snora og  Greta Zdanciute assisterar
Gabriele Zdanciute klipper snora og Greta Zdanciute assisterar

I år var det rekordstor oppslutnad om den årlege sommarfesten i Sætervika med rundt 200 besøkjande. Ein fin gjeng deltakarar var på Maksleir denne helga og avslutta leiren med å delta på arrangementet. Mange kom nok også for å sjå den nye vegen og kyrkja la gudstenesta si til Sætervika denne dagen. Programmet var variert med noko for både store og små. Sætervika diska opp med middag og mange flotte kaker til kaffien. Lokale songkrefter, Mirjam og Joel Dyrhovden gledde den store forsamlinga med flott song og musikk. Regionleiar i NLM Region vest,  Per Byrknes, tala på møtesamlingane. I pausen var det både rom for sosial drøs og aktivitet då det vart arrangert mini misjonsmarknad med ulike konkurransar.

 

Sidan Sætervika vart leirplass for meir enn 60 år sidan har det vore ulike planar om å få lagd ein tenleg veg ned til staden. Nye tankar, nye alternativ og utgreiingar, men for nokre få år sidan la styret ein ny plan som vart utgreia og som no er gjennomført.

 

No er det ein forholdsvis slak veg med fast dekke som svingar seg ned til fjorden. Den lokale entreprenøren, Frode Odland, har gjennomført eit stort og godt arbeid.

 

Det har gjennom åra vore eit ustanseleg arbeid med å vedlikehalde og utvikle leirstaden til eit tenleg reiskap for leirarbeid for born og unge. Store økonomiske løft har ein tatt, slik og med den nye vegen.

 

Det var leiar i hovudstyret for eigaren (Norsk Luthersk Misjonssamband), Lars Gaute Jøssang som stod for opningstalen medan lokale ungdommar som er brukarar av leirstaden, klipte bandet.

 

Takk til alle som var i Sætervika denne dagen!

 

Tekst: Helge Kvamme og Marta Leodo

Bilder: Helge Kvamme

  • Publisert
Til toppen