Leir

Norsk Luthersk Misjonssamband arrangerer kvart år mange leirar i Sætervika - både sommer, høst og vinter!

Sætervika ligg idyllisk til ved sjøen, og vi har mange aktivitetar for alle. I tillegg til bading og kanopadling, kan vi spele innebandy på det nye aktivitetsloftet, spele spel, delta i sporløp eller berre slappe av og kose oss. Leirane startar ca kl 1900 den første dagen, og vert avslutta ca kl 1300 den siste dagen.

 

Til alle leirane i Sætervika går det buss frå Bystasjonen via Åsane og Arna. Det er reiseleiar med bussen.

 

Alle leirane har bibelsamling på føremiddagen og misjonsmøte om kvelden. NLM har misjonærar i 15 land, og ein av kveldane samlar vi inn kollekt til Barnas Misjonsprosjekt, som skuleåret 15/16 er i Peru og Bolivia.

 

Dette må du ha med deg på leir:

Laken og putetrekk, dynetrekk eller sovepose, handklede, toalettsaker, innesko, badetøy, klede til å vere ute uansett vêr og elles det du treng. Dersom du har ein Bibel eller Nye Testamentet, er det fint om du tek det med deg.

 

Velkommen på leir!

Til toppen