Tenleir Vinter 14

Første helga i påskeferien er det alltid tid for tenleir i Sætervika. Denne gang utan snø og med stengte trekk i Eikedalen. Det la imidlertid ingen dempar på stemninga denne helga! Det er gøy å vera leirledar når deltakarane synes alt er moro, og det var definitivt tilfellet denne helga! Når det høljer ned ute, skulle ein kanskje tru at folk ikkje ville ut og springe og leike Stratego. Og ganske riktig, ingen ledarar hadde lyst å gå ut. Men samtlige deltakarar var supergira og vi hadde store problem med å få dei inn til lunsj fordi dei begynte på ein ny runde. Tema for leiren var: "Jesus seier: Følg meg!". Det var kjekt å vera på leir med så mange deltakarar som var klar til å ta Jesus på ordet. Deltakarar som stiller spørsmål og lurer på ting er jo også noko av det flottaste ein leirledar kan oppleva. Tusen takk for ein super leir! Snakkast i sommar :)

Hogne

 

Til toppen