Dugnad 1.mai

Dugnaden 1.mai i fjor.
Dugnaden 1.mai i fjor.

Tradisjonen tru vert det dugnad i Sætervika 1. mai.

Me startar kl. 10 og held på til ut på ettermiddagen(4-tida). Det er planlagt hagearbeid, malearbeid, rydding av skog og meir. For dei som likar seg best inne er det også muligheter for vasking og rydding innandørs.

 

Dette er ein vinn-vinn mulighet: Me får hjelp til å halde leirplassen vår i god stand og du får bidra med di tid samt at du får ein kjekk og sosial dag!

 

Me har sjølvsagt bestilt fint vêr, og satsar på å avslutte med grilling ute (eventuelt vert det middag inne).

 

Fint om dei som planlegg å koma kan gi ein lyd til saetervika@nlm.no . Då kan me beregne arbeidsmengde og mat.

 

Hjarteleg velkommen på dugnad!

 

 

Fleire bilder frå fjorårets dugnad kan du sjå her: https://www.setervika.no/sider/forsiden/nyheter/dugnad/22/

 

Til toppen