Velkommen på basar 18.september!

På fredag kl.19.00 er det igjen klart for den årlege basaren til støtte for leirplassen vår! Taler er Bergfrid Almelid.

Det vert som vanleg åretrekningar, ulike lotteri og konkurransar, tale, song, kaker og kaffi og sjølvsagt god stemning. Me samles til ein sosial kveld og til støtte for Sætervika. Komiteen har jobba fram mot dagen i lang tid og har fått tak i mange flotte gevinstar! Kor Mix frå Åsane kjem og talar for kvelden er Bergfrid Almelid

 

Bergfrid skal også delta på Inspirasjonshelg for kvinner som også startar på fredag. Dei skal vere i Sætervika heile helga og har framleis nokre plassar att. I tillegg til Bergfrid skal Kirsten Lundeby vere med som talar og på laurdag får me besøk av Astrid Byrknes som skal bidra med sang. Du kan melde deg på her: www.nlm.no/leirvest

 

Velkommen på basar, og er du dame så er du også hjertelig velkommen til å bli med resten av helga!  

Til toppen